Cxense Display

Tenorane: Julekonsert

Tenorane og Steffen Horn
”Så ha ei god jul, då!”

For sjuande året på rad turnerer Tenorane  og Steffen Horn med konsertframsyninga ”Så ha ei god jul, då!” 

I år har framsyninga blitt ytterlegare skjerpa, og det til tross for at fjorårets mottagelse var strålande over heile landet.

"Som de begeistret"..."Det var så vakkert at vi fikk tårer i øynene" skreiv Namdalsavisa. ”Glitrende julekonsert” heitte det i Bømlonytt, ”Steffen Horn briljerer med pasjon på piano”.  Halden Arbeiderblad karakteriserte framsyninga som ”elegant og stilfull”. ”

Ord som ”humørfylt” og ”mektig” gjekk jamt att i kritikkane.

Og her ligg kan hende nøkkelen til suksessen: Tenorane tek jula sitt mektige bodskap,  på alvor, men heile tida med ein glimt i auget.

Og dei står i trygt planta midt i ein god tradisjon: Få fenomen har inspirert komponistar og tekstforfattarar i så sterk grad som jula. Ja, det er ikkje ei overdriving å seie at sjølve juletradisjonen fyrst og fremst vert formidla og blir halde ved lag gjennom tonar og ord. Kva hadde jula vore utan songane som høyrer til?

I spennet mellom ”Så går vi rundt om en enebær busk” og Bachs ”Juleoratorium”, frå Puccini til Prøysen og Presley, pustar Tenorane sølvstøv over alle oss som sårt treng ei pause i kvardagane, ei pause for glede og fred og laussluppen, leiken latter. Alt pakka inn i lekre musikalske arrangement. 

Tenorane er i ferd med å etablere seg som ein av landets beste songtrioar.

Gruppa består av Henrik Hundsnes, Hallar Djupvik og Aasmund Kaldestad med den eminente Steffen Horn på piano. ”Han som får tangentane til å smile”.

No kastar dei seg altså, med høgt humør, over kjente og mindre kjente julesongar, i håp om å bidra til å strø musikalsk, glitrande glede over julefeiringa.

For til sjuande og sist er vel humor å ta gleda på alvor?

Hjarteleg velkomne!

Billetter til Tenorane: Julekonsert

  1. Lør 9. des kl 19:00 300 kr   Sal 1 Bellevue scene Opera Klassisk konsert Les mer Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_